Nok ei veke er unnagjort. Veden til vinteren 23/24 er kappa, kløyva og satt til tørk. Ei elgku med tvillingkalvar har beita på enga her og ho har kontinuerleg blitt oppvarta av ein 10(11?) spirs elgokse. Dei har vore så ofte å sjå at me nesten har sett på dei som husdyr ellr «huselgar. Mykje av tida har oksen stått i skogkanten delvis skjult av tre og buskar og kikka på elgkua. Nå og då har han tatt løpefart mot kua som saman med kalvane, har løpt unna. Og så har dei blitt ståande og kikka på kvarandre. Tida for paring er ikkje inne enda. Sjøl om det er elgjakt har desse fått gå i fred. Ku med tvillingkalver jaktes det ikkje på og oksar med meir enn seks spir er og «freda».






