Ei fotoveke med litt av kvart – noko tilfeldig og noko planlagt men mest tilfeldig. Første fotoet blei til etter at eg ikkje fann kuflokken på fellesbeitet på Floan utom Røros. Men «lyssettinga» på Glomma var ingen dårleg erstatning. Dagen etter fant eg ut kor kuflokken gjekk og det blei eit foto av det. Onsdagens foto blei til etter ei hard frostnatt. Eg var ute på leit etter «frosne» humler utan hell, og då blei det grasstjerneblomen – ein liten unnselig men vakker blomst om du tar deg tid til å stoppe opp og sjå. Telttur til Røsjøen øverst i Rødalen blei til to foto – teltet ved sjøen og frå ein snartur til Rødalsgruva.
Det har blitt 254 foto til nå i Instagramprosjektet #2022DAGFORDAG, og eg tar til å sjå ein ende. «Bare» 110 foto att.



(Fotostack – fotografiet er sett saman av 15 foto med ulik skarphet. På det viset blir eit større område skarpt.)

ICM-teknikk (kamerabevegelse under eksponering) + redigering i Lightroom.

(Kald natt med minus 5 grader. )

