Tranar ved Hornborgasjøen

Hornborgasjøen i Vest-Gøtaland i Sverige er rasteplass for tranar på trekk frå overvintringsområda i Spania og Portugal til hekkeplassane i Norden. Midt i mars lander dei første tranane ved sjøen og fram mot første veka i april stig antalet frå dag til dag. På det meste har det vore rundt 27 000 tranar på ein gong ved sjøen! I år var det 20 900 på det meste 2.april! Tranane trekk til seg mykje folk: Amatørornitologar, fotografar med store telelinser og alle dei andre som berre vil oppleve tusenvis av tranar på ein gong. Det er anslått at 150 000 besøkande kjem til Hornborgasjøen kvart år – dei fleste av dei i løpet av «tranetida» på våren.

Tranane blir fôra med korn på eit område i sørenden av sjøen – Trandansen har staden blitt heitande. Her har natur- og vegmyndigheter lagt til rette for besøkande med rikeleg plass til parkering og oppstilling for bobilar. Eit gjerde skiller tranane frå folk, og tranane bestemmer kor nær dei vil gå folket. Skal ein kome heilt innpå tranane må ein leige seg plass i ei av fleire fotohytter inne på tranane sitt område.

Det er mykje liv og lyd på Trandansen på denne tida. Trananes trompetrop høyres heile tida. Med tusener av fuglar samla på ein stad er det ikkje akkurat stille. Det er traner i lufta heile tida. Men det er likevel «forestillingen» morgon og kveld som er spektakulært. Om kvelden flyg tranane ut til overnattingsområder ute i sjøen. Om morgonen i timane før soloppgang kjem dei flygande tilbake. Den svenske naturfotografen Eva Danelius beskriv morgontimane slik:
Gryning vid Hornborgasjön.
Nästan lika häftigt som dansandet.
Det är mörkt och tyst.
Och tranbefriat.
Så börjar det ljusna.
Tranorna höras.
Då väller de in från sjön.
I tusental.
På några minuter blir fälten på nytt en kokande trankittel

Her er foto frå fire morgonar i år ved Hornborgasjøen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: