VEKE 10 #2022DAGFORDAG

Ei veke – årets tiende -med foto frå Ålesundstraktene pluss Romsdalshorn lagt ut på Instagram under #2022dagfordag. Eit lite utvalg av foto frå denne veka i Ålesund. Det er mange andre foto som kunne blitt med. Foto frå krykkjekolonien på Aspøya, Borgundfjordfiske etter torsk – folkeliv på fjorden, havørna som var å sjå nesten heile tida, Ålesund sentrum….. manglar ikkje på motiv.

Dag 66 (7.3.) Tjeld -Alnes i Vigra kommune.
Tjelden – Haematopus ostralegus- er eit av mange vårteikn langs kysten – frå lengst i sør til lengst i nord og aust.
Dag 67 (8.3.) Solnedgangen i kveld med utsikt mot Godøya og Runde, Sunnmøre.
Når ein er der kor Færøyane, Island og Grønland er neste stopp, så høyrer ein solnedgang med! Godøya, Runde og ein frakteskip er med og gir liv til solnedgangen.
Dag 68 (9.3.) Snøklokker i Ålesund.
Snøklokkene er eit tidleg tidleg teikn på våren der dei kikker fram -ofte i februar – og tilpassa frost og snø som og høyrer vårtida til.
Dag 69 (10.3.) Frå klatreveggen i Ålesundhallen.
Barnebarn Per viser klatrer med letthet topps i klatreveggen.
Dag 70 (11.3.) Ålesund skyline i kveld. Fotografert frå bankskøyta Storeggen.
Fisketur på Borgundfjorden med bankskøyta Storeggen – uten å få fisk – ga dette synet av byen sett frå fjorden. Vårfisket etter torsk på Borgundfjorden er kjent. Rundt 30 småbåtar på fjorden denne kvelden.
Dag 71 (12.3.) Spor etter strandsnegler i ein tidevannsdam. Vigra.
Tidevannsdammar på ei nordvendt strand på Roald, Vigra. Strandsneglane setter spor etter seg i sanden som er skylla opp av tidevatnet.
Dag 72 (13.3.) Romsdalshorn

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: