65 foto publisert så langt og 300 foto igjen før året er omme. Når eg ser på dei fotografia som er lagt ut så langt er det ingen rød tråd på utvalet. Litt av kvart… Denne veka har det blitt fuglefoto, landskap, planter- og eit foto frå eit fotooppdrag for SJ-NORD: Fotografertge på ein togtur frå Røros til Hamar med nytoget Type 76.
Eg har to fotobøker i bokhylla som har vore til inspirasjon for prosjektet mitt – utan samanlikning forøvrig:» Året – En bild-ett øgonblick-varje dag hela året» fotografert og skrevet av Terje Hellesø, norsksvensk naturfotograf. Året er 2006 og naturen er studio. «365 days» fotografert av Stavangerfotografen Alf Ove Hansen. Året er 2011 og Stavanger kommune er studio. Fotografen hadde eit år i «indre eksil» innanfor Stavanger kommunes grenser. Ei bok som på ein flott og respektfull måte syner fram livet i Stavanger gjennom eit heilt år. Og fotografen er så dedikert til oppgaven sin at når han får eit lite hjerteinfarkt så er kameraet med inn på sjukehuset og opp i sjukesenga!



Eit kjent motiv fotografert ein time etter solnedgangen.



Dag 64 (5.3.) Kveldsstemning – Aurora dansa langt mot nord mens perleugla sang.
(Foto frå kvelden før -4.3. friska opp med Instagramfilter).

Med lågt skydekke var svart/kvitt eit godt fargevalg.