2022 FEISTEIN FYR

Feistein fyr i Klepp kommune, Rogaland har vore ein av dei over 200 bemanna fyrstasjonane langs kysten. Fyrtårnet står der framleis – automatisert – og viser veg for sjøfarande. Feistein fyr er eit blikkfang for alle som ferdes langs Jærstrendene, også for oss fotografar. Holmen og fyret uti havet er eit kjært motiv.

Feistein kjem frå gammalnorsk Feðjarsteinn som tyder gjerde eller skillevegg. Navnet kan vise til at holmen er ein del av ei rad med skjær og grunner som danner eit stengsel – ein bølgebrytar – mot storhavet.

I havet utanfor Jærstrendene ligg Feistein. Foto mot sør med stranda på Hedlestø fremst.

På det næraste er det ca to km frå fastlandet ut til holmen Feistein. Første fyret her blei bygd i 1859 og det har gjennomgått mange endringar sidan den gongen. I mange år budde fyrvoktaren med familie på Feistein.  Det var ikkje ufarleg å bu på fyret. I 1868 blei fyrvokter og ei tenestejente feid på havet av ei storbølge som slo over holmen.I 1988 blei Feistein automatisert, og i 2006 blei fyrlykta erstatta med ei ledlykt (ikkje LED-lykt). På Kystverkets sider er det meir å lese om fyr og bruk av lyssignal for å lede sjøfarande trykt. Feistein drives i dag av ei venneforening – Feistein fyr venneforening – og det er opna for overnatting der.

Fyret ligg for seg sjøl utan anna enn havet rundt seg. Det er eit spennande og utfordrande fotomotiv som er i konstant endring. Dei siste to vekene har me hatt Feistein fyr som «nabo» uti synsranda.  Det har vore dagar med fint vêr og sol, snøvêr, hagl,regn og mykje gråvêr. Vind har det vore heile tida – eine natta blåste det opp til orkan styrke. Fotografia under her – eit for kvar dag har alle med Feistein fyr som ein del av motivet. 

Utfordringen med å fotografere fyret, er avstanden -ca 3 km frå hytta på Hedlestø. Fotografia kan vere forstørra eller beskåret for å få fram ønska resultat. Dei fleste fotografia er tatt med Nikon D850 og Nikon 200-400mm f4 og varierande brennvidder. Men og Olympus E-M1 MarkIII og M.Zuikoo 12-100mm f4 er nytta.

Dag 1 – grov sjø ute på havet.
Dag 2 Dei første solstrålene lyser opp bygningane på Feistein.
Dag 3 – storm og orkan er i farta. Regn- og sluddbyger feide over oss og trakk eit gardin foran Feistein.
Dag 4 Dagen etter ei storm- og orkannatt. Redningshelikopteret tok ein sving over Jærstrendene.
Dag 5 Snøbygene kom sakte og stilt sigande innover frå havet. Feistein forsvann bak store snøfiller.
Dag 6 Ny dag med vind og bølger. To kitere hadde «jula» si denne ettermiddagen.
Dag 7 Eit solgløtt i timen før sola takka for seg denne dagen.
Dag 8 Gråvêrsdag med lite vind. Ein gjeng surfare var uti for å fukte drakt og brett.
Dag 9 Dag med mykje vind, få varme grader, regn, sludd og hagl. På slutten av dagen kom sola fram og då blei det optimale forhold ved Hellestø havn i eit par minutt. Dette er eit klassisk motiv frå ein mykje brukt fotoloaction. Fornøyd med resultatet!
Dag 10 Feistein fotografert om morgonen med lang eksponeringstid – mykje grov sjø rundt holmen.
Dag 11 Framleis bølger og vind. Fasinerande å sjå korleis havet bryt rundt Feistein og sender kaskader med sjø opp i lufta.
Dag 12 Tur opp i berget bak hytta for å få eit litt anna perspektiv på Feistein. Gråvêr med regn kom rullande inn frå nord og det blei endå ein dag med grått fotolys. Ikkje bruk for grå-filter her!!
Dag 13 Siste kveld med fyret, sola og båtane.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: