Fotoblogg frå Atlanterhavsparken i Ålesund. Atlanterhavsparken er eit akvarium som syner livet langs kysten frå fjæra til dei store havdjupa. Ein tur til Atlanterhavsparken er eit «must» når du er i Ålesund. Og akvariet ligg berre 3 km frå sentrum på øya Hessa.
Eg er oppvokst nær ein fjord – Gandsfjorden mellom Sandnes og Stavanger. Fiske var i periodar av oppveksten ein viktig aktivitet. Me fiska frå brygger og svaberg, og fangst blei det ofte. Torsk, sei, lyr, kvitling, makrell, sild og stinter (bergnebb) stod på fangstlista. Å sjå desse fiskane og mange fleire i deira rette miljø er spennande.
Fotografia er tatt med Olympus E-M1 Mark3 og Olympus M Zuiko 12-100mm f4. Brennvidde stort sett 12mm. Linsa er lagt inn til akvarieglasset. 100% skarpt blir det ikkje på det viset.
Atlanterhavsparken har mange kvalitetar – utsikten til «vest i havet» med Runde langt der ute, er ein av dei. Ute er det selar, oter og pingvinar foruten eit flott leikeområde. Sentralt i akvariet er den store Atlanterhavstanken- 36 meter lang, 17 meter brei og 6 meter høg med 4 million liter ufiltrert sjøvatn. Vatnet blir pumpa inn frå 45 meterrs djup ca 1 km utafor akvariet. Atlanterhavstanken er utan tak og opplyses av stadig skiftande dagslys. Storsei, torsk, kveite, lyr, laks…..alle er dei der. Mange fiskeartar som t.d. silda er i stadig bevegelse. Torsken derimot lever opp til utsagnet»dorsk som ein torsk.» Frå akvariet med sild og brisling – kvilelaust symjer dei rundt og rundt. . Ved sida av alle akvaria er det informativ tekst om dei artane som finns i akvariet. SjøanemonerKnurr og sjøanemonerI tillegg til dei store akvaria er det ei lang rekke små akvarier med ulike tema. Her frå eit med leppefisk. Leppefisk var fisk som før var forbeholdt fisket som ungar dreiv på med langs brygger og berg. No er leppefisk blitt «big business» då fisken brukes til avlusing i lakseoppdrett. Imponerande når kveita viser fram undersida si.