2021 VEKE 43

Sidensvansen – Bombycilla garrulus – er her! Ein ringande trille høyres – srrrriii – og rogna foran meg fylles opp med sidensvans som bokstavleg talt sluker rognebæra.

Det er fleire år sidan sidensvansen var her i større antal. Den store mengden rognebær gjer at dei stoppar opp i år. Her ein ettermiddag starta eg bilen og sette kursen mot «villaområda» i Røros. Fleire lurte nok på ein blå Ford Focus som kjørte sakte rundt og stoppa opp her og der i nærleiken av rognebærtre. Utpå Stormoen var det ein flokk som hadda funne seg ei rogn – kva som var spesielt med denne rogna veit eg ikkje. Det stod fleire rundt der som såg vel så fristande ut sett med mine auge. Det høyrer med til historia at huseigar kom ut og lurte på kva eg holdt på med. Han blei beroliga av at eg peika på fuglane i rogna.

Det er noko eksotisk over sidensvansen. Ei fargesetting som er litt framand: Stor som ein stare, knallgul ytterst på stjerten, håndsvingfjæra -ytre del av vinga- har gule kantar mens armsvingfjæra -innerste del av vinga – har kvite tuppar med røde «lakkvedheng». Fjærtoppen på hodet, markert svart maske og svart strupeflekk er og karakteristiske kjenneteikn.

Sidensvans betyr silkestjert (siden- silke på svensk). Silke kjem frå det latinske Bombyx som betyr «silke» og cilla som betyr «stjert». Navnet viser til den silkemjuke fjærdrakten. Det engelske navnet er Bohemian waxwing – waxwing henspeiler på dei røde utvekstane på vingefjæra. Bohemian viser truleg til at sidensvansen streifer rundt om vinteren og tilsynelatande har ein bohemliknande livsstil – tar for seg av livets goder (rognebær) og flyg vidare til neste bærtre.

Sidensvansen er knytta til barskogbeltet – taigaen – som strekker seg frå Ånestadkrysset på Hedemarken jfr Rolf Jacobsens dikt «Tanker ved Ånestadkrysset» og til «Stillehavets bølger ved Vladisvostok«. Arten hekker i gamal lavbevokst barskog – gjerne i fuktige områder. Her i distriktet hekker den år om anna i Femundsmarka. Om sommaren er arten hovedsaklig ein insektetar. På hausten trekker sidensvansen sørover og vestover på leit etter bær som er hovednæring i vinterhalvåret. Sjøl om me ser arten årleg så er det ting som tyder på at bestanden har syklusar med bestandstopp kvart tiande år.

Dette er ein fugl som er meir enn eit år gammal. Det kan me sjå på vingene – det gule og kvite danner ein vinkel på håndsvingfjæra. På fuglar som blei klekka i år vil det berre vere ein kvit ev gul kant her. Lengden på dei røde «lakkvedhenga» på vinga saman med breidt gult band på stjerten tilseier at dette er ein hannfugl.
Voksen fugl dette jfr «vinkel» på vingene. Truleg er det ei ho sidan dei røde «lakkvedhenga» er små.
Dette er ein ungfugl frå i sommar – manglar «vinklane» på vingene og dei røde «lakkvedhenga» Kan og vere ei ho då stjertbandet er smalt.

«During large irruptions , this exotic-looking silkyfeathered passerine is a major attraction for birders in countries bordering the North Sea, as the Bohemian Waxwing seems to epitomise the far north. It is widespread across the N Holarctic, breeding in lichen-rich, mature conifer forests i damp , mossy terrain from Fenno-Scandia to Kamchatka, in the east south to Amurland, and occuring also in NNW North America. It irregulary ranges south in the non-breeding season as far as continental Europe, transcaucasia, Central Asia and the southern USA, with some evidence of roughly a ten-year cycle to such movements.»
Shirihai & Svensson: Handbook of western palearctic Birds.

Det finns tre sidensvansartar i verda: Sidensvans, sedertresidensvans- hekker i Nord-Amerika- og japansidensvans som hekker i Japan, Korea, Kina og Amur.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: