2021 VEKE 39

Det er trostetid no – den rike rognebærhausten har freista store trosteflokkar til å stoppe opp.  Flokk etter flokk landar og «stappar» i seg rognebær. Bæra er på sitt finaste no – «søte, saftige og kjøttfulle».

Frå eit lite kamuflasjetelt følger eg med i trostelivet. Det har blitt mange fine stunder med «kortreist» natur – natur som me har utom stuedøra og ofte ser utan å legge merke til.  På mange vis ei stor naturoppleving som kan konkurrere med harefotografering på Vauldalen eller havørnsafari i Flatanger.

Trostanes lokkerop høyres først – gråtrostens «gih» eller «sjakk-sjakk-sjakk» og rødvingetrostens syltynne lyd – «styyyf». Så høyres vingeslag, sus frå mange fuglekroppar….  Og trea fylles med trost – gråtrost, rødvingetrost og ein og annan måltrost. Dei êt bær eller rettare sluker dei. Flyttar seg til ei bjørk for å fordøye bæra før ny spiseøkt. Eller dei sper på kosten med makk og insekter frå ei nærliggande eng.

På slike dagar er det lyd i skogen; gråtrosten har sitt «skvalder» mens rødvingetrosten syng sine ufullstendige toner. Innimellom høyres måltrostens metalliske enkle lokke- eller varslelyd.

Andre gonger er det heilt roleg – ingen lyd og ingenting å sjå. Men så er det plutseleg ein trost i treet, ein til og ein til. Forsiktig og vaktsomt ter dei seg. Ofte sit dei skjult inne i greinverket. Lurer seg fram og snapper eit bær.  Ved minste forstyrring tar dei til vingene og forsvinn.

Ein morgon var det bare ein og annan trost å se, men desto fleire i trea rundt. Det blei ein minneverdig konsert då sola rann.

Morgonstemning med trostesang og skvalder. Iphone-opptak.

Gråtrosten er den dominerande og lydsterke av trostane. Rødvingetrosten er mindre og opptrer meir anonymt og er meir på vakt. Han held seg ofte inne i greinverket og tar fort til vingene. Han skilles lettast frå andre trostar på det rustrøde feltet under vingene og den markerte lyse stripa over augene.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-39-6841.jpg

Rett som det er høyres eit brus frå mange mange trostevinger-alle trostane lettar. Ein spurvehauk har gjort eit utfall mot trosteflokken men som oftast blir det bomtur. Ein dag var og haukugla innom plassen utan å lykkas.

Høgt heng dei og sure er dei sa reven om rognbera. Der tok reven feil – det er dei som heng høgst oppe og ytterst ute som modnes fortast og etes først av trosten.

Etter eit par hektiske veker tynnes det ut med bær – får håpe at det er noko att til sidensvans og konglebit om desse staselege fuglane skulle dukke opp litt seinare i haust.

Det er ei fargerik tid no: Bladverket i rogna lyser i grønt, gult, oransje og rødt og dei røde bæra gjer det enda meir fargerikt. Trosten har kan hende ikkje så spennande fargar men på nært hald ser eg at han er vakker på eit litt diskre vis. Han kler rogna! Eksotisk dette – nesten så ein ikkje trur at slike fargepalettar finns her på Røros.

Fotografert med Nikon D500 og Nikon 500mm f 5,6PF  iso 1000 – 3000, lukkartid 1/800sek-1/1250sek.

Gråtrost gjennom eit filter av lauv og rognebær

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: