Når fototuren går til Innherad på denne tida av året, er det garantert å sjå kortnebbgås og grågås i tusental. Kortnebbgåsa har vore tema for denne bloggen fleire gonger tidlegare. Ein kort repetisjon: Kortnebbgåsa hekkar på Svalbard. Vinterkvarteret til arten er i Danmark, Tyskland og Nederland. Kotnebbgåsbestanden har hatt ein nesten eksponensiell vekst og vinterbestanden er no på rundt 80 000 fuglar. Størsteparten av bestanden rastar rundt Trondheimsfjorden på trekket vår og haust.
Her på Røros er det særleg på hausttrekket me legg merke til kortnebbgåsa. Store flokkar kan ses og høyras til alle døgnets tider. På klåre haustnetter er det ikkje uvanleg å høyre lyden av trekkande gjess. Når dei passerer Røros kan det vere at turen går til områda rundt Mjøsa eller gåsa kan ta strake vegen til Danmark.


I periodar er kortnebbgåsa å se overalt i Innherad. På denne turen var det store flokkar med kortnebbgås samla ute på Nesset på Levanger. Jordbrukslandskapet her er eit gedigent matfat med restar frå haustens avlingar: Korn, gras, gulrot, potet…..

Med jevne mellomrom lettar flokkane og himmelen dekkes av tusenvis av kortnebb- og grågås. Eg fann meg ein utkikksplass like ved ein av storgardane på Nesset. Det var ikkje råd å kome nær gåseflokkane men greit nok å sitte på avstand og bivåne når flokkane letta, flaug nokre rundar for så å vende tilbake.
Nokre gonger er det havørna som skremmer opp gåsa. Folk eller hundar som nærmar seg kan og vere grunn til at fleire tusen gjess tar til vingene samstundes. Og nokre gonger lettar dei utan påviseleg grunn. I 2019 skreiv eg slik i bloggen for veke 39: Først høyres «flappinga» av tusenvis av vinger (antall gjess x 2) – som ei storbølge som bryt – så kjem kaklinga – ein kakofoni av lyd – og så bruset av alle gjessene som er i lufta. Delar av utsynet viskes bort av ein grå «gåsevegg». Etter eit par runder i lufta landar flokken att.




Nede ved Eidsbotn var eg på «fotohold» av ein liten kortnebbgåsflokk – det næraste eg kom på denne turen.

Eit par foto med lang lukkartid og bevegelse av kamera høyrer med.



