Bloggtema er invasive eller invaderande planter og dyr. Lupin og brunsnegle er døme på invasive artar. Pukkellaks opprinneleg frå Stillehavet, er eit anna døme. «Invasive arter er dyr og planter, der spredes til områder, som de ikke selv ville kunne sprede sig til, og som samtidig har en negativ effekt på den oprindelige biodiversitet.» Definisjon frå Miljødirektoratet i Danmark
Langs Ann-Magrits vegen her på Røros finn me tre invasive planter: Lupin, blåleddved og ildsveve. Felles for invasive planter er at dei ofte har si opprinning i ein annan verdensdel kor dei har sin funksjon og er tilpassa naturmiljøet der. Dei blir flytta til ein annan del av verden kor dei ikkje har ein naturleg plass og ingen «fiendar».

Lang vegane er det ofte lupinar å sjå- flotte er dei i full blomst med eit mangfold av fargar. Opp gjennom tida har dei blitt brukt i samband med bygging av vegar for å etablere vegetasjon fort i anleggsområdet. Lupinen blei første gongen introdusert i Norge sist på 1800-talet. Jærlupin blei dei første kalla sidan det var langs Jærbanen dei blei sådd. Seinare har hagelupin og sandlupin kome til og spreid seg langs vegar, jernbanelinjer, strender, hagar….
Lupinane har stor formeringsevne og utkonkurrerer andre artar noko som er kjenneteikn på invasive artar. Lupinen kan binde nitrogen frå lufta – ein eigenskap som planter i ertefamilien har. Dei blei derfor mykje nytta til jordforbedring.


Blåleddveden er ein annan art som har dukka opp i dei seinare åra. Blåleddveden har vore nytta som hageplante lenge – ja faktisk frå sist på 1800-talet. Dei siste 30 åra har hagebruken auka og dermed har me fått ein kraftig spredning. Blåleddveden finnes vill i Nordaust-Europa som Karelen og austover til Sibir. Det ser spesielt ut som arten trives i furuskog og skrinn bjørkeskog. Her vil den utkonkurrere stedeigne artar. I Folldal har dei erklært krig mot blåleddveden. I fjor blei det arbeida for å få planten vekk frå Kvitsanda med godt resultat. Blåleddveden spreier seg med hjelp frå fuglar. Dei blå bæra er ettertrakta og frøet blir frakta vidare til nye veksestader.


Siste invasive arten frå Ann-Magrits veg er ildsveva eller rødsveve som den ville varianten heiter. Denne finns nokre få stader i Norge ofte i tilknytning til setervoller. Planter du ildsveva i hagen så vil du fort ha fått ein venn for livet eller som ein innsendar på eit nettforum skreiv: «Syntes den Ildsveven var så fin, så jeg plantet noen for et par år siden. Nå er den absolutt over alt, selv om jeg har passet på å klippe den før den frør seg. Er det noe å gjøre med det, eller skal jeg bare resignere?» Hagevarianten kjem frå lenger sør i Europa.


Det er mange fleire invasive planteartar enn desse tre. Kanadagullris, fagerfredløs, gravbergknapp, kjempebjørnkjeks er nokre og fleire vil nok kome til.

