I dei siste vekene har eg vore litt opptatt av ornitologisk feltarbeid i forbindelse med prosjekta TOV-E (Ekstensiv overvåking av hekkefugl) og Ecosystem Ridalen – Taksering av fugl. Fugleobservasjonar herifrå kunne vore bloggtema. Men eit flyktig møte med ein mår ein stad i Ridalen blir heller tema.

Måren er sjeldan å sjå – ja faktisk var dette mitt første møte med mår ute i skogen. Eg har hatt mårbesøk attmed huset ein gong eg hadde liggande noko utvatna saltfisk ute. Men mårobservasjonar ute i skogen har mangla. Spor har det vore mange av på kryss og tvers i både bjørkeskog og furuskog vinterstid. Uglekassar med perlugle og haukugle har hatt mårbesøk som har resultert i avbrutt hekking. Golvet i bua vår bar og preg av att mår og røyskatt hadde hatt tilhald der. Men som sagt mår i fri natur har glimra med sitt nærvær på mine turar.

På slutten av ei registreringsrute ein stad inni Ridalen fyrst i denne veka, kom ein mår springande. Han kryssa kursen min, forsvann inn mellom tre og einerkratt. Hyggeleg og artig oppleving tenkte eg før måren dukka opp i eit tre baki der. Fyren med sekk og kikkert var tydelegvis verdt ein kikk. Fotoutstyr blei henta fram og eg «sneik» meg fram til lyden av knekkande tørrkvist. Måren strakte seg opp på to og kikka «nyskjerrig», forsvann og klatra opp i ei bjørk. Sat der lenge nok til at eg fekk nokre foto, forsvann ned og blei borte. I bakgrunnen varsla rødvingetrosten, og plutseleg var måren attende med ein trostunge i kjeften. Klatra opp i eit tre, kikka fram på fotografen, klatra ned og forsvann utan at dette sjeldne synet blei foreviga. Såg ein skygge som for bortetter skogen for å bli borte i den tette bjørkeskogen.
På mange vis var dette ein typisk mårobsevasjon – rask og flyktig.
Mykje kunne vore skreve om måren – Martes martes – men eg henviser til artikkelen om mår i Artsdatabanken.