2021 VEKE 24

Nærnatur er tema i bloggen denne veka. Gråtrosten er rundt oss vår, sommar og haust – så vanleg at me nesten ikkje legg merke til han. Av og til tar eg meg i å «filtrere» vekk lyden eller synet av denne trosten. Andre fuglar og dyr blir meir interessante. Som fotoobjekt har ein gråtrost tilsynelatande lite å stille opp mot leikande orrfuglar eller harar som sloss i vinternatta. For å bøta på litt dårleg samvit overfor gråtrosten – Turdus pilaris – sette eg meg ned her ein dag for å studere og fotografere trostane som var nedom plenen på matleit. Det er ei travel tid for gråtrosten no. Ungane er i ferd med å forlate reiret og dei vaksne brukar tida si på å finne mat og passe på ungane.

Godt skjult i graset leiter gråtrosten etter mark og larver.

Det «gjekk» ein jevn strøm av gråtrost frå skogen rundt til plenen og enga. Dei hoppa rundt, la på trostevis hovudet på skakke før dei hakka i graset og kikka opp med ei larve i nebbet. Larve ja – eg trudde det var meitemark dei fann på plenen. Men det var larver av stankelbein som var hovedbytte. To, tre eller fire hadde dei i nebbet før dei returnerte til reiret. At det finnes så mange stankelbeinlarvar i plenen er jo utruleg. Larvestadiet til insektet stankelbein er i grasmatta. Dei êt grasrøter og i stort antal kan dei gjere skade på grasenga.

I løpet av april kjem dei fyrste trostane hit frå vinterkvarter i landa rundt Nordsjøen. Gråtrosten er ein vanleg art i Norge. Opprinneleg var det ein hei- og fjellfugl men han har gradvis auka utbreinga si (100-års perspektiv) – både til meir lågareliggande strok og sørover i Europa.

På leit etter mat – hovudet legges litt på skakke for å lokalisere mat.

I år har det vore mykje gråtrost her. Frå der eg sat hadde eg kontroll på fem reir. No i hekketida høyres gråtrosten godt. Dei varslar når skjær og kråke nærmar seg reirområdet. Enkelte fuglar reagerer og kraftig på oss tobeinte og kvitterer med skittklyser. Skittrost er eit anna navn på gråtrosten. Det er og mange døme på at ugler og andre fuglar er så tilskitna av gråtrostskit at dei ikkje kan flyge. Det er spesielt når gråtrosten hekkar i koloniar at dette kan skje.

Det varsles når andre gråtrostar kjem for nær. Det eine paret hadde tydelegvis hevd på ein plenbit for kvar gong andre prøvde seg, blei dei resolutt jaga vekk. Leven blir det og når skjæra som hekker like ved er på «rov». Og det er ikkje utan grunn. For tre år sidan blei to reir tett inntil husa «tømt» av skjæreparet. I år har det gått betre – kanhende fordi antal trostar er mange. Ikkje uvanleg å sjå 10-15 gråtroster som flyg etter skjæra. Enkelte gonger er det med nød og neppe at skjæra berger seg unna trosteflokken inn i ein granbusk eller liknande. Men skjæra og kråka får nok fatt i ein del trosteungar.

Flott fugl sjøl om fjørdrakten er litt falma.
Ikkje berre stankelbein på menyen – ute i enga var det meitemark å finne.

Ein liten rusletur i skogen – lyden frå gråtrostungane høyrtes overalt saman med varslande foreldre. På usikre vinger flyg ungane vekk eller dei prøver å sitte heilt stille og vere usynleg.

Litt fakta om gråtrosten henta frå Miljølære.no
Kjennetegn: Vår nest største trost (etter duetrosten) som kan bli opptil 26 cm. lang. Brystet er gyllent med svarte pilformete flekker, hodet og nakken er grå, mens ryggens brunfarge står i kontrast til den grå overgumpen. Hunnen og hannen er like.

Habitat: Gråtrosten finnes i de fleste norske habitater. Der det er skog hekker den i trær, mens i fjellet legger den reiret rett på bekken eller i kratt.

Utbredelse: Gråtrosten finnes vanlig som hekkefugl i store deler av landet, fra kyst til høyfjell.

Forflytninger: Normalt forsvinner våre hekkefugler sørover i september og oktober for å overvintre i de vestlige delene av kontinentet og på de Britiske øyer. Avhengig av bærhøsten, spesielt rognebær, kan tusenvis av gråtroster overvintre hos oss. Disse fleste av disse fuglene stammer trolig fra områder øst for Norge. I slike år kan man få besøk av gråtrosten på foringsplassen om man legger ut bær eller epler.

Næring: Meitemark, insekter, edderkopper og forskjellige plantedeler. Om høsten er krekling og rogn viktige næringskilder.

Hekkebiologi: De hekker gjerne i kolonier og er meget aggressive ved reiret. Om mennesker eller andre farer kommer for nær egg eller unger, driter de i felleskap på inntrengerne mens de lager et veldig spetakkel. Den norske hekkebestanden ble i Norsk Fugleatlas (1994) anslått til å være minst en million par. Hekkesesongen strekker seg fra april til juli. I Sør-Norge kan de noen ganger ha to kull i løpet av en sesong.

Andre navn: gråtrast, skit-trast, skjuttu

Engelsk navn: Fieldfare

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: