Eit lite tilbakeblikk: I bloggen i juni 2017 skreiv eg dette: Røros er innvadert og okkupert av små grønne skapningar i desse dagar; lauvmakk. Dei gnager, slafser, gomler, eter……… dei er mange og er overalt. Bjørk etter bjørk fortæres og står nakne att i sommardagen. Men lauvmarken smaker ikkje berre på bjørka: hageblomster, rogn, vier, blåbærlyng går og ned.

Fjellbjørkemålaren er ein liten sommarfugl som finns over heile nordkalotten. Og som sommarfuglar har den eit larvestadium – lokalt kalla lauvmakk. Små grønne markar som spiser alt som kommer i dens veg. Åra 2016, 2017 og 2018 sette lauvmakken eller fjellbjørkemålaren sitt preg på Rørostraktene. Det er sjeldan at insekt utom myggen er samtaletema, men det var lauvmakken den gongen. Dei store mengdane fjellbjørkemålarar som flokka seg rundt utelysa hausten 2016 blei til og med sak i riksmedia.


Neste vår klektes alle egga som blei lagt hausten før. Og lauvmakken – larvestadiet til fjellbjørkemålaren – sette sitt preg på skog og mark. Det var lauvmakk overalt: I trea, i lufta og på bakken. Stod du under eit tre kunne du høyre lauvmakken spise blad. Og bakken var dekka av skit frå lauvmakken. Våren 2018 var siste gongen me såg lauvmakk i nemnverdige antal.



Tilsynelatande er skogen frisk att. Fjellbjørkemålarane er her nok enda men i mykje mindre tal. «Seinskadene» er der i form av dau skog som har surna på rot og er ubrukbar til ved. Angepet var så «kraftig» at at mange tre ikkje greide å ta seg att. Å få lauvet spist opp eit år går greit – i mange tilfeller blei det danna nytt lauv på seinsommaren. Eit angrep andre året går og stort sett greit for dei fleste trea men ein del yngre tre fell ut då. Og der angrepet kom eit tredje år gjekk det galt




