2021 VEKE 20

Endeleg blei det tid til ein rett «fuglatur» – ein dag med kikkert, teleskop og notisblokk- ein slags roadtrip til lokale stader kor det av erfaring kan vera mykje fugl å sjå. Foto og inntrykk frå dagen er bloggtema.

Eg hadde nok venta at det skulle vere meir fugl å sjå – men får skulda på det kalde vêret så langt i vår. Dagen starta like før fem om morgonen ved Havsjøen på grensa mellom Os og Røros.

Havsjøen er ein kroksjø i Glåma. Frå 1914 til 1958 hadde NSB sagbruk her med eige sidespor frå Rørosbanen. I dag er det så vidt spor etter sagbruksdrifta som delvis var basert på bearbeiding av tømmer fløta hit frå Femundsmarka. Tømmerfløtinga er ei eigen historie med bygging av tømmerrenner mellom Femunden og Feragen og fløtedammer flere steder nedover Hådalsvassdraget. Må bli tema for ein blogg ein annan gong!

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-20-7972.jpg

Sjøen er rasteplass for ender, lom og svaner under vår- og hausttrekket. Denne morgonen var det framleis litt is igjen og toppender og kvinender rasta på iskanten. Sjøorren – ei stor og nesten svart dykkand- er ein karakterart i Havsjøen. Denne morgonen låg det ca 30 av dei.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-20-8205.jpg

I tillegg til sjøorrene var det mykje anna å sjå: Storlom, ei gravand, brunnakker, krikkender, toppender og kvinender. Sangsvaner og traner ga lyd frå seg frå andre sida av Glåma – herleg lydkulisse!

Storlomen er vanlg å sjå i Havsjøen og hekkar år om anna. Å komme på nært hold utan kamuflasje er nesten umogeleg – i allefall på ein snartur som dette. Det var seks storlomar i Havsjøen denne morgonen. Islagte fjellvatn er nok årsak til det. Også i begge endane av Aursunden var det og storlom å sjå seinare på turen- 13 tilsamen og fire smålom.

På vegen attende frå Havsjøen møtte eg to elgar – ku og fjorårskalv – som venta på toget!

Etter Havsjøen var Gjettjønna like utom Røros sentrum, stoppestad. Gjettjønna har dei seinare år vist seg å vere ein spennande fuglebiotop spesielt om våren. Det er fleire områder med starr og sneller som gir gode leveforhold for ender, horndykkar og vadefuglar. I år er det særleg dvergmåkene som har trekt til seg fuglafolk. På det meste er det sett 26 dvergmåker på ein gong i tjønna. Kurtise og parring er observert. Om måkene vil hekke her eller annan stad rundt Røros står igjen å se. Tidlegare år har dei hekka på svensk side av grensa som eg har skreve om i tidlegare bloggar.

Tre måkeartar i Gjettjønna: Fiskemåke, hettemåke og dvergmåke.

Strandlinja i Gjettjønna er ein viktig biotop. Her er det ofte vadefuglar å sjå – også denne morgonen. Ein grønnstilk rasta her – ein mellomstor vadar med grønnlige bein. Fluktspelet dens er karakteristisk – flyg med raske korte vingeslag mens….

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke-20-7855.jpg

Deretter gjekk turen langs Hitterdalsvassdraget med første stopp Hittersjøen – ein annan lokalitet like utom sentrum. I enden av sjøen er det eit område med sneller og starr – ypperleg lokalitet for vadefuglar gråhegre og horndykkar. Hitterdalsvassdraget har fleire interessante lokalitetar og horndykkaren er ein karakterart med opptil 10 par. To rødnebbterner i innsjøen Stikkilen bar bud om vår og sommar.

I området ved Storwartz er sandloen ein fåtallig hekkefugl.

Turen gjekk via Gruvveien forbi Storwartz til Aursunden. På Storwartz var vatna framleis islagte men sandloen var på plass. Sandloen – ein liten vadefugl – trives på dei opne områda ved flotasjonsanlegget her oppe og i det opne heilandskap.

Aursunden er delvis islagt framleis men isen er i ferd med å bryte opp. Områda ved inntaket til kraftverket er i ferd med å fyllas opp og lite fugl var å sjå.

Ved Sundtjønna i Brekken stoppa eg. Tjønna er ein kjent hekkeplass for horndykkar men isen dekka framleis tjønna. I skogen rundt derimot var det eit «yrande» fuglaliv: Bjørkefink, bokfink, gråtrost, rødvingetrost, blåstrupe, gulerele, sivspurv…… og lauvsangar. Denne insektetande trekkfuglen som overvintrar i Aust Afrika,blei møtt av kaldt vêr her. Og lite insekter i lufta. Ein skulle tru at det då blir svelt-i-hjel for lauvsangaren. Ingen problem tydeleigvis. Sjøl om det er kaldt er det mat å finne. Det fekk eg sjå då eg sette meg ned ved eit bekkesig. Bortimot 10 lauvsangare heldt til her og mat fann dei: Mygg, fluer, mark…. Fasinerande å sitte ned og betrakte dette – ei lita naturoppleving som eg «lever lenge på.»

Turen gjekk vidare innom lokalitetar i Øvre Glåma, Borgosen og Vauldalen utan store overraskelsar. På tilbaketuren om ettermiddagen låg det ein liten svartandflokk i Hittersjøen- 4 hannar og ei ho.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: