2021 VEKE 17

Eit nytt besøk på orreleiken nedi Rendalen. Det nærmar seg høneveka og fotovert Floris Smeets lova mykje liv på myra. Etter å ha spelt i over ein månad nærmer det seg klimaks for orrhanane sin kamp for å føre genene sine vidare. Dei som har fått beste posisjon går av med seieren.

Sjølsikker orrhane!

Me gjekk inn på leiken på kvelden då det begynte å mørkne. Våren er kjølig. Duetrosten var einaste sangfugl denne kvelden. Himmelen klårna opp i vest, temperaturen datt og ei tynn ishinne la seg på myrvatnet. Utpå natta hukra perleugla og ein stad langt unna kunne eg høyre lappuglas rop!

Sidan eg sist var på myra, er mykje endra. Mesteparten av snø og is er smelta. Telta stod nå ikkje på ei hard isflate, men rett og slett ute i ei skikkeleg blautmyr. Å sove i teltet kjentes ut som å sove i ei vannseng.

Morgonstemning frå orremyra

I firetida vakna eg til vingeslag, buldring og sjoing – tid for dagens orreleik. Og det var berre å snu seg over på magen og kikke ut av teltet. Dei kvite haleviftene viste kor dei var og at kampane var i gang.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er 2021-veke17-0529.jpg

Høneveka er den veka kor parringa skjer. Hønene er innom leiken nå og då. Denne morgonen var det fem høner å sjå. Men dei forlot leiken utan at me såg parring. Leiken blei litt tammare utan hønenes tilstedeværelse. Ei orrhøne som flaug over leiken var som ei vitamininnsprøyting til speltrøtte hanar. Og spelet tok seg opp att ei lita stund. I halv åtte tida var det over for denne dagen.

Foto frå leiken

Her går det for seg – synd med «linselusa» som skygger for kampen.
Mykje liv på leiken – her ein hane som tar fart og spring/flyg bortetter.
Solrenning på leiken.
Kongen på haugen!
Blaut og frossen vart denne orrhanen.
Dagens spel er over.

Fotoutstyr: Nikon D850, Nikon D50, Nikon 200-400mm f4, Nikon 500mm f5,6. Video tatt med Olympus OM-D E-M1 Mark III og Zuiko 12-200mm@20mm

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: