2021 VEKE 15

Eg har vore på orrfuglleik hos Floris Smeets på Deset i Åmot kommune (Rena). På ei myr ein stad ved Deset har han lagt til rette for oss som vil oppleve og fotografere orrfuglane. Kamuflasjetelt er satt opp og fotografar frå fjern og nær reiser til Deset og betaler for ei eller fleire netter i eit av telta som er satt opp på myra.

Årets fototur var av dei kalde – ja det er lenge sidan eg har frose så mykje i løpet av ei natt! På kvelden klarna det opp, vinden stilna og temperaturen datt fort- minus 15 må det iallefall ha vore. Eg skulle nok tatt med ein tjukkare sovepose og eit tredje liggeunderlag!!

Sola har gått ned og kulda sig på. Vêrvarslet sa lettskya, nesten ikkje vind og eit par kuldegrader. Det blei skyfri himmel, heilt vindstille og minst 15 kuldegrader der oppe på myra ein stad i Åmot kommune! Kald natt!!
Magisk i tida før sola står opp! Orrhanane har landa – etter litt nølande hysjing – «tjoo-ysj» – og kurring er spelet i gang- den buldrande lyden som mange kjenner til.
Tilsynelatande beveger orrhanane seg formålslaust rundt på myra. Ein hane kan sloss ein stad og så spring han fort til ein ny kamp og ein ny stad. Men det har å gjere med posisjonar, rang og plass på leiken. Gjevaste plassen skal vere i sentrum av leiken. I år la eg merke til fleire orrhanar i utkanten av leiken – truleg unge hanar utan posisjon.
Det var kaldt på myra den morgonen og frostrøyken frå pusten varfint synleg i morgonsola.
Ei orrhøne våga seg utpå denne morgonen, men det er fyrst om eit par veker at orrhønene «inntar» leiken og set skikkeleg fart på spelet.
Det er kampen mellom orrhanane som er leikens høgdepunkt- det går hardt for seg mange gonger nå to orrhanar braker saman.
Det både sparkes og lugges med nebb – og mange fjær ligg att på spelplassen.
Lange periodar av leiken går med til å stirre motstandaren i augene og «bruse med fjæra».

Floris Smeet – frå Nederland – har etablert firmaet Photo Tours Norway på Deset litt nord for Rena. Gjennom samarbeidspartnare arrangeres fototurar og workshops over heile landet. Fotografar frå Mellomeuropa er hovedmålgruppa. Covid19 har utfordra drifta i fjor og år. Norske fotografar har til dels erstatta utlendingane på fleire turar. Turane er populære og neste års turar er allereie fullbooka!

Naturfotografar er ei betalingsvillig kundegruppe og det blir arbeidsplassar lokalt – både for arrangør og for overnattingsbedrifter.

I midt Norge er det etterkvart eit bredt spekter av tilbud for naturfotografar – tilbod både for innanlandske og utanlandske fotografar. Langs kysten er det tre stader for fotografering av havørn mm: Rekdal mellom Ålesund og Molde, på Smøla og i Flatanger. Rundt Dovre er det to aktørar med moskus som hovedprodukt. Og i Østerdalen er det altså Photo Tour Norway som også tilbyr moskusfotografering og fotografering av villrein. I vinter har og Erlend Haarberg tilbudt fotografering av hare utenfor Røros. Frå neste vinter blir det og tilbud om fotogafering av kongeørn i Rendalen. Sjøl om dette er tilbud primært retta mot naturfotografar så er det også mogeleg for deg som berre vil se ei kongeørn, bli med på ein moskussafari eller oppleve orrfuglens spel.

Floris er ikkje berre ein god arrangør – han er og ein gudebenåda fotograf – anbefaler alle å sjå på hans nettside Floris Smeets Photography

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: