Bloggtema er hare også denne veka med fleire foto frå fotoøktene hos Erlend Haarberg på Vauldalen! Som eg skreiv i forrige blogg så er haren utbreidt over heile landet – både i villmark og bynære strok. Skuleområdet på Røros har ofte fleire «skuleharar» på sommar og haust – ungharar som er fødde her og finn det trygt å oppholde seg i området. Eg har og fått melding om yngling midt inne i eit boligområde på Røros.

Haren er oppført på rødlista under kategorien Nær trua. Ein er litt usikker på utviklinga av bestanden. Men alt tyder på ein bestandsnedgang sjøl om ein lokalt kan ha gode bestandar. Antal harar skutt på jakt har gått attende frå frå 125 000 i 1990 til 15 500 i 2013/14.









Meir informasjon om haren finn ein på Verdens Naturfond (WWF) sine sider eller på Store Norske Leksikon