2021 VEKE 12

Foto frå ein vårtur på Jæren første veka i mars er bloggtema. Vårteikna var der trass i kaldt vêr; syngande lerker, tjeld og viper. Og på Revtangen hadde hestehoven så vidt fått fram eit par blomster.

Vipa er eit vårteikn og er (var?) ein karakterart for Jæren. Som mange andre fugleartar knytta til det «gamle» jordbrukslandskapet har vipa problem med den nye mekaniserte landbruksdrifta. Historien om jærbonden som merker vipereira med ein staur for ikkje å pløye dei ned er i ferd med å bli ei myte. Foto beskåret og etterbehandla i Lightroom.
Det skulle vere tur ut til stranda på Hedlestø for å fotografere solnedgangen. Eg var ikkje åleine der- det stod 70-80 bilar på parkeringsplassen! Men kald tjukk tåke dekka skikkeleg for sola. Foto av dei mange som hadde lagt ettermiddagsturen hit blei det i staden for solnedgang- fin dokumentasjon på at Jærstrendene er populære turmål.
Strandfoto med lågt perspektiv.
To utgåver av same foto – til høyre eit utsnitt . Eg liker begge
Fin linjeføring i det oppsprukne berget.
Strendene er populære for tobeinte, firbeinte og dei med vinger. Fotoet illustrerer den mangefasetterte bruken – og potensielle konfliktar. Tjeldflokken tok til vingene då hundane oppdaga dei. Hytter er og eit tilbakevendande konfliktfelt.
Tidleg morgontur til Reve – nordleg frisk bris og heftig sandflukt. Fotografert liggande på stranda med lang lukkartid – det knasa litt i mekanikken på kameraet etterpå!
«Dei gamle Fjell i Syningom er alltid eins aa sjaa, med same gamle Bryningom og same Toppom paa.» skreiv Ivar Aasen i 1863. Fjella er der framleis men dei har fått ny påkledning. Frå toppen av ei sandyne på Reve hadde eg dette synet til ein av dei store og nyare vindparkane mellom Gjesdal og Bjerkreim

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: