Veke 2 går mot ein slutt og framleis er temperaturen under 20 kuldegrader. Kulde blir derfor eit gjennomgående tema for denne vekas blogg med foto frå forrige veke og frå dei siste dagane.

Hitterelva eller Hyttelva renn stri i utkanten av Røros sentrum. Når temperaturen beveger seg mot minus 30 og lyset frå sola svinn henn, er det spennande å fotografere i elva. Det må streng kulde til for at vatnet skal fryse. Og stort sett er det alltid litt rennande vatn å sjå. og fotografere. Lange lukkartider – opptil 30 sek – og vatnet får eit plastisk uverkeleg inntrykk. Det endelege resultatet er aldri gitt. Denne gongen blei det rett dystopiske uttrykk. Figurar frå Nerdrums univers hadde passa inn her.

Fasinerande å komprimere 30 sek inn i eit foto – 30 sekund er mange mange øyeblikk. 30 sek er t.d. 30 000 eksponeringar på 1/1000 sek!

Frå gruvene på Sextus sig det ut mineralrikt «varmt» vatn som ikkje frys så fort. Streng kulde legg eit islokk på sigevatnet og kvite frostkrystallar pynter opp mot ein bakgrunn av okerfarga gruveslam.

Då kulda slapp litt taket, blei lufta fyldt med dalande frostkrystallar. Med motlys frå ei låg sol fekk eg festa dette øyeblikket på «filmen».

Fototeknikken ICM – Intended camera movement – har eg vore innom før på bloggen. Her eit par resultat med snø, nedrima skog og ei låg formiddagssol.


Femunden er islagt – offisiell isleggingsdato blei 6.1. Kulde og fuktig luft hadde danna eit tjukt rimlag på isen slik at det ikkje blei optimale skøyteforhold. Frå Sandodden mot Flenskampane
