Eit år til med blogg – 51 innlegg med tekst og foto av stort og smått. Bloggen starta eg i 2013 med eit mål om å fotografere regelmessig – ikkje berre fotografering i samband med ferier og reiser. For meg var dette ein måte å bli bevisst fotomotiv i nærmiljøet samt å arbeide meir med teknikk for å beherske dyrt fotoutstyr. Informasjon om bloggen blei sendt ut på sms til venner og kjente men eg trur ikkje at så mange las det eg skreiv. Etter første året blei det av ulike grunnar opphald til 2016.

Det er arbeidsomt å «legge ut» foto kvar veke – og ikkje alle innlegga tåler etterpåklokskapens nådelause blikk. Men det er utviklande- eg har lært meg ulike fototeknikkar som ICM og fotostacking. Fotografering og blogging har og ført meg inn i humla (og andre insekt) sin fasinerande verden.

Ornitologi er eit fagområde som eg kan mykje om i utgangspunktet. Men så snart noko skal skrivas er det viktig å lese seg opp for å unngå å skrive feil. Blogginga har vore med å skjerpa interessa for tovinga fjærkledde skapningar.

Fotografering og bloggskriving har og inspirert meg til å konsentrere meg om enkeltområder- og i år har Skårhåmmårdalen og Storwartz vore favorittfotomotiv. Eit område kan fotograferas frå mange ulike vinklar, med ulike perspektiv, til ulike tider av døgnet og gjennom heile året.

Ein sak eg har blitt meir og meir bevisst på er «folkeopplysningsaspektet» når eg kombinerer foto med fagstoff. Fagstoffet som oftest er av naturfaglig karakter, bør vera kort og konsist. Det er vel læraren i meg som blir trigga her.
Bloggen gir eit utdrag av fotograferinga mi – det er ikkje berre natur og kulturminner eg liker å fotografere. Fly, tog og skip er og ynda motiv men på ein liten stad som Røros er det langt mellom fotoobjekta. Skipsfarten er jo representert med Fæmund II i eit par sommarmånader!

Tidlegare bloggar er framleis tilgjengeleg på nett:




