Skårhåmmårdalen rommer så mangt – akkurat no eit isslott! Ein liten bekk som sildrer ut over eit stup, dagar med kuldegrader- vassdråpe for vassdråpe reiser isslottet seg. Ikkje stort, prangande og mystisk som isslottet i Tarjei Vesaas roman Is-slottet frå 1963 – romanen om ungjentene Unn og Siss. Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn.
«Det var eit trolldoms-slott. Her måtte ein prøve å koma inn såsant der fanst inngang! Der var sikkert fullt av rare gangar og portar – og inn der måtte ein.»«Vintersola hadde omsider komi så høgt at ho slapp ned til ispalasset. Den seine, kalde sola hadde likevel mykje av si kraft. Strålane gjekk gjennom tjukke isvegger og vinklar og brester, og braut lyset i underfulle mønster og fargar, så det trøysteslause romet dansa. Istappane ned frå taket og dei som vaks oppover ifrå golvet, og sjølve dropane og alt dansa med i dette lyshavet som braut inn. Medan dropane glimta og storkna og glimta og storkna, og gjorde for kvar gong det vesle romet ein drope mindre. Det skulle fyllast. ««Det stengde is-slottet har liv. Dei har sjølve lånt det livet. Lys og liv til den døde isblokken, og til den stumme tida etter midnatt. Før dei kom, stod fossen og dura trøysteslaust i blinde, og iskolossen var berre den ferdige stumme døden.»«Ho var midt i ein forsteina skog. Is-skog. Vatnet som hadde sprute her ei tid, hadde laga stammer og greiner av is, og små-tre stakk opp or botnen mellom dei større. Her var óg ting som ikkje kunne kallast anten det eine eller det andre – men det høyrde til på ein slik stad, og ein fekk ta alt som høyre til.««Det sterke mars-solskinet stod rett på henne, så ho var innkransa av glim og lys. Alle slags lysande skråstrek og bjelkar, underlege roser, isroser og is-stas. Prydd som til den største fest.««Ingen kan vera vitne når is-slottet stuper. Det skjer om natta, etter at alle barna er i seng. Ingen er så djupt inniblanda at dei kan vera med. Ei bølgje av lydlaust kaos rister nok lufta like bort i fjerne sovekammers, men ingen blir vekt og kan spørje: Kva er det? Ingen veit det. No går slottet i fossen, med løyndomar og alt. Det går hardt for seg, og så er det ikkje meir.»
Sitat frå Is-slottet av Tarjei Vesaas. Fotografert med Nikon D850 og Nikon 14-24mm/24-70mm. Siste foto med litt «lysmaling». Alle foto lett bearbeida i Lightroom