2020 VEKE 38

Haustfoto frå Skårhåmmårdalen. Skårhåmmårdalen er ein liten «canyon» – omlag to km lang og 30 m djup- som skjer seg ned i skoglandskapet mellom Engan og Sundet ca 3 km frå Røros. Dalen blei til under siste istid for over 10 000 år sidan då ei smeltevannselv fann sitt løp under isen. Dalen går i nord/sørretning. Dalsidene på vestsida av dalen er bratte med stup og steinurer. Ytterst ute i dalen – i nordenden ligg ei langstrakt tjønn som ender opp i eit myrområde som er i ferd med å gro att. Plantelivet er rikt i dei bratte dalsidene som er soleksponerte.

Utsyn ut dalen mot nord. Vatnet har ikkje noko synleg utløp frå Skårhåmmårdalen. På våren under snøsmeltinga stig vannstanden fort med ein halvmeter og vel så det i løpet av kort tid. Etter kvart sig vatnet ut gjennom grunnen.

Skårhåmmårdalen ligg like ved vegen ut til Galåen. Rundt tjønna blei det for over 100 år sidan opparbeida sti med steinklopper over bekken som renn her. I enden ligg Lysthuset – ein av få gjenverande delar av eit større anlegg tilhøyrande gården i Sundbakken. Her var det pensjonat og feriestad for «byens kondisjonerte». Stiar, lysthus, kafe, tennisbane og kjeglebane var delar av dette anlegget. Rundt andre verdenskrig gjekk anlegget meir og meir ut av drift og forfalt gradvis. På side 133 i bind 1 av to-bindsverket På Sta’a og uti markom av Randi Borgos og Amund Spangen kan me lese dette om Skårhåmmårdalen: «I den dramatiske Skårhåmmårdalen med bekker, bruer og stier , en paviliong og en robåt på tjernet opplevde sundingene 1800-tallets parkideal – den «urørte» og romantiske landskapsparken.» Historia om Sundet som feriestad for «Storingan» får bli tema for ein seinare blogg.

Utsyn innover dalen mot Lysthuset.

Ved Lysthuset ender stien. Skal ein vidare må ein leite seg fram mellom eller over store steinblokker, velta tre eller følge fragmentariske dyretråkk. I snøsmeltinga er det og fleire små dammar innover som vanskeleggjer ferdselen ytterlegare. Langs dalkanten på begge sider er det stiar her og der.

To foto frå omtrent same stad i dalen med utsyn nordover- det eine tatt nede i dalbotn og det andre ca 30 m høgare oppe på dalkanten.

Lysthuset ligg i enden av vatnet eller tjønna og er eit naturleg mål for ein tur inn i dalen.

Mange speilbilder innover dalen på vinstille haustdagar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: