Blogg nr to frå Jærturen- denne gongen frå Revtangen. Trekkfugllokaliteten i Klepp kommune som mange fotografar og ornitologar søker til. Ein steintange ut i havet som bryt sandstrendene gjer at her er det som oftast ly og mat å finne for trekkande fuglar enten vinden bles frå sør eller nord. Sidan 1937 har det vore organisert ringmerking her – både ved stranda og ved ringmerkingsstasjonen lenger inne.

Min sitteplass denne morgonen var bak ein voll av tare som hadde bygd seg opp mellom rullesteinstranda og havet. Eg fekk både god kamuflasje samstundes som eg hadde fuglane på høgde med kameraet – flott perspektiv.


Store mengder tare kastes inn på stranda når det bles og stormar. Taren tar til å råtne når det er litt varme og blir til det perfekte oppvekstområdet for tarefluer og andre insekt. Matfat for vadefugl, ender, stare, måker….



I trekktida er det mange vadarartar som mellomlander på Revtangen. Det er ikkje uvanleg å sjå opptil ti artar på ein dag i tillegg til ender, måker, rovfuglar og spurvefuglar.

Polarsnipe med eit snev av sommardrakt.



Staren finn og mat i tarevollane på Revtangen og fleire flokkar overvintrar. Her ein ungfugl som er i ferd med å skifte til vinterdrakt.