Ei veke på Jæren med høve til strandturar og fotografering, må resultere i fleire innlegg i bloggen. Og sjølsagt vil tobeinte skapningar med vinger stå i fokus. På denne tida er hausttrekket av vadefugl sørover langs kysten frå hekkeområda i nord markant. Langs Jærkysten finn dei rikeleg med næring som er viktig for ein liten kropp som kjem langveis fra og skal fly langt vidare.

Den svenske forfattaren, ornitologen og naturkunstnaren Lars Jonsson utga i 1983 boka «Øya Bilder fra et sandrev«. Ei bok om eit sandrev på Gotland som blei skapt av strømmar og stormar i løpet av ein vinter. Boka handlar om livet på «øya» – særleg fuglalivet -i hektiske sommarmånader før ein auguststorm vaskar vekk øya. Eg kom til å tenke på boka då eg fann «mi øy» i enden på Hedlestøstranda – ein vasslok skapt av vatn frå ei dreneringsgrøft. I vassloken på stranda mellom sanddynene og havet hadde mange vadefuglar funne ein stad med god næringstilgang.

Artsmangfoldet er er stort på denne tida. I ein vaderflokk kan ein treffe mange artar – i dammen «min» var det seks vadarartar: Myrsnipe, polarsnipe, tundrasnipe, dvergsnipe, sandløpar og sandlo. Vadarane kan på denne tida vere vanskeleg å skilje frå kvarandre då flokkane består av fuglar med litt sommardrakt, vinterdrakt og stort innslag av ungfuglar. Men ved å sjå på storleik, nebbform/lengde, vingestriper, høyre sang/varsellyd….. kjem ein til vanleg fram til ein konklusjon.
Begrepet «jizz» forklarer på ein framifrå måte korleis me amatørornitologar kan artsbestemme ein fugl på ein-to-tre; ofte lenge før andre har oppfatta at det er ein fugl. Frå Wikipedia: Jizz or giss is the overall impression or appearance of a bird garnered from such features as shape, posture, flying style or other habitual movements, size and colouration combined with voice, habitat and location.

Dammen låg i le av høge sanddyner slik at morgonsola ikkje nådde ned før eit stykke utpå morgonen. Dette saman med lyset som havet reflekterte ga eit flott dempa fotolys. Og med ei stille vassflate på dammen blei det flotte refleksjonar.

Vadefuglane – spesielt ungfuglane -er lite sky på denne årstida. Eg låg langflat på stranda for å få så låg kameravinkel som mogeleg og for å utnytte det flotte lyset maksimalt. Så tidleg hadde eg stranda nesten for meg sjøl – einaste trussel var morgenglade hundar på luftetur…









Og akkurat som Lars Jonsson si øy på Gotland forsvann så er nok dette og ein biotop som i løpet av kort tid tørkar inn eller at tilførselsbekken finn ein ny veg å renne.
