Tyrihjelmen blomstrar no – og det er ei plante som trekk til seg humler. Som fotoobjekt er humlene ei insektgruppe som eg har fått sansen for. Mange foto har det blitt, men dei aller aller fleste er sletta – enten for det dei var uskarpe eller fordi «fuglen var fløyet»- humla var raskare enn meg!
Fotoutstyr: Nikon D500/D850, Nikon Macro 105mm f 2,8 med konverter 1,4x eller Nikon 200-400mm f4. Stativ eller frihand og naturleg lys.

Tyrihjelmen eller lushatten har ei humle oppkalt etter seg – lushatthumla. Det er ei stor humle med lang tunge tilpassa å sanke nektar. Nektaren er plassert øverst i blomsten som gjer det vanskelegare for humleartar med kortare tunge å nå fram.
Humla gir eit oransje inntrykk. Bakre del har lyse tverrstriper. Den lange tunga/sugesnabelen er og eit godt kjenneteikn. Se foto av hagehumle lenger nede.


Å artsbestemme ei humle er ikkje alltid liketil. For meg har ei humle inntil nyleg vore ei humle, men no har eg gjort alvor av å finne ut av kva artar som finns her. Boka Humler i Norge. Kjennetegn, utbredelse og levesett har vore til stor hjelp. Men lett er det ikkje. Størrelse og fargemønster er utgangspunkt for artsbestemming. For nokre artar kreves det nærare undersøking av munn og kjønnsorgan for å vere sikker på art men på det nivået opererer eg ikkje. På fotoet over er det to lushatthumler – dei gir eit nokså ulikt inntrykk men det er lyset som speler oss eit puss her. Fleire foto av lushatthumler under





Det er fleire humleartar og insekt som drar nytte av tyrihjelmen. Ei humle som er ofte å sjå ved tyrihjelmfelt er tyvhumla. Om me ikkje ser humla, så er spora atter henne tydelege. Ja tenk spor etter ei humle! Lushatthumla er utstyrt med ei lang tunge – nesten like lang som kroppen – for å nå inn til nektaren. Tyvhumla har ei kort tunge og kraftige kjever og tar snarveien til nektaren. Humla bit hol på blomsten der nektaren er, og suger i seg den.


Tyvhumla er ei mellomstor humle: Svart med oransj bakende. Eit anna trekk er at tyvhumla har lang rufsete «pels». Tyvhumla under som er ei dronning, har fleire midd sittande på seg. Det er heilt vanleg med midd på humlene.


Sjøl om tyvhumla har vært på besøk så er det framleis nektar igjen for andre besøkande som denne lushatthumla.

Hagehumla er ei anna stor humle som er vanleg å sjå næringssøkande på tyrihjelmplanter. Den har to gule tverrfelt og kvit bakstuss og gir eit meir gult inntrykk enn den oransje lushatthumla.
Informasjon om humler finnes på Humleskolen. Fra Norsk Institutt for naturforskning kan felthåndboka Humler i Norge lastes ned – ein forkorta utgave av boka med samme navn.