I løpet av eit par veker i mars stoppa så og sei all flytrafikk i verda opp. Kondensstripene på himmelen forsvann som dogg for sol. Om du skulle lure på kor flya er blitt av, så er svaret -ikkje uventa – at dei er parkert på flyplassar rundt omkring i verda, også i Norge. På Sola ved Stavanger har Norwegian parkert 23 av sine Boeing 737-800 og Boeing 787 – Dreamliner.

Det er eit fasinerande syn må eg innrømme, å sjå desse store flya plassert i eit hjørne av flyplassen – tilsynelatande hulter til bulter. Motorar og hjul er dekka til for riktig å poengtere at dei er satt på bakken; gått i opplag.

Det må ha vore ei merkeleg oppleving for ansatte i flyselskapa å få i oppgave å sette flya på bakken. Deira jobb har jo så langt vore å halda flya mest mulig på vingene og kortast mulig tid på bakken. Begrepet «død kapital» får eit konkret innhald her. Fly kan for tida ikkje vere ei vare som er lett å selge – omtrent som å selge sand i Sahara.





I utkanten av denne Norwegian-flåten står det for øvrig ein flyhistorisk godbit – ein DC6 malt i Braathen SAFE’s farger. Denne DC6-en flaug for Braathens frå 1962 til 1971. Flyet blei nyleg kjøpt tilbake til Norge etter å ha tent som brannfly i Alaska i mange år. Med på hjemturen var årets Idaroth-vinner Thomas Wærner med sine hunder.
