Hummelfjell i Os kommune- 1543 moh – var målet for ein fot- og fototur mandag i denne veka. Fjellveien – Norges fjerde høgast beliggande veg – er lett å følge om ein skal opp på toppen. Der ligg ein nedlagt radarstasjon (som vistnok skal få nytt liv), div Telenormaster og fleire trimpostar. Frå toppen er utsikten god i alle himmelretningar: Sylane, Helags, Viglane, Svuku, Flenskampane, Sålåkinna, Tron, Rondane…..Forolhogna…..
Planen for min tur var å fotografere solnedgang og soloppgang frå ein stad oppi fjellsida. Dagen etter skulle brukas til å leite opp fjellfuglane boltit, fjæreplytt og snøspurv. Teltet blei satt opp på ein høveleg plass i ca 1000 m høgde med utsikt nordover.
Eg var ikkje åleine på tur her. Hummelfjellet er eit populært turmål sommar som vinter. Ein kar hadde allereie vore ein snartur på toppen, ei jente nytte «snørenna» til ein av sesongens siste skiturar og ein spreking sat på sykkelen og trådde målbevist mot toppen.

Snøen har som kjent låge lenge i år. Og rett grønt er det ikkje i fjellet enno. Vieren som forlengst har blomstra ferdig lenger nede i dalen, er i ferd med å blomstre her oppe. Lett å sjå kor snøen har låge lengst utifrå kor langt vieren er kome i lauvsprett og blomstring.
Vier som er felles navn på ei lang rekke artar- ca 20 i Norge -, er særbu. Særbu vil sei at det er hannblomster på ei plante og hoblomster på ei anna. Fotografia syner både hann- og hoblomster. Vieren blomstrer tidleg og er viktig næring for humler og andre insekt om våren.
For den som vil utvide sin kunnskap om vier eller Salix- så kan forskningsartikkelen «Dette er planten selv botanikerne ikke kan» vere ein start. Artikkelen bygg på nr 82 av det vitenskaplege tidskriftet Gunneria Reidar Elven og Eli Fremstad: Salix – vier, selje og pil i Norge som kan lastas ned – alle 716 sidene!








Foto av solas gang blei det, men den planlagde timelapsen av solas nedgang og oppgang blei spolert av dogg på linsa. Fjellfuglana boltit og snøspurv blei og observert. Fjæreplytten – ein vadefugl som overvintrar ved kysten men hekkar i høgfjellet, blei ikkje observert denne gongen.


Til slutt eit foto frå toppen av Hummelfjell tatt 17.6.2012 då eg var på skitur her i lag med Øystein sønn. Minneverdig utforkjøring!
