Då er sandsvalene «mine» attende på Røros etter å ha tilbrakt «vinterferien» i Afrika saman med artsfrender og andre svaler. I eit par månader er dei her i nord før dei returnerer attende til Afrika. Eit relevant spørsmål er jo om sandsvalene er europeiske eller afrikanske fuglar. Me ser jo på dei som våre fuglar sjøl om dei altså tilbringer meir tid i Afrika.

I ein del år no har eg fotografert sandsvaler i ein koloni like utanfor Røros sentrum på området til ein lokal enteprenør. I ei skjæring her har sandsvala funnet optimale forhold til å grave ut reirgangane sine. Så her arbeider både maskiner og svaler med å forme terrenget!

I ei tid før hekkinga startar er aktiviteten i kolonien stor. Svalene flyg i flokk, sloss om reirhol eller gode plassar kor reirgangen kan gravas…. – og dei er ved kolonien nesten heile tida. I denne tida er det greit å fotografere utan å forstyrre. Når hekkinga har starta er det fort gjort å skremme ut fuglane frå reira og forstyrre hekkinga. Og når egga er klekka og ungane mates så er dei voksne innom reiret med varierande mellomrom alt etter kor god mattilgangen er. I fjor blei mange reir øydelagd av rev eller grevling ei stykke ut i hekketida. Dyret grov seg ned til reira frå oversida og tok ungar i reira.


Sandsvala graver ein reirgang inntil ein meter lang. Det må vere rett konsistens på grunnen der reiret skal gravas. Under ein koloni legg det seg eit fint lag med utgraven masse. I denne kolonien har kanten på skjæringa bevega seg innover frå år til år – dels som eit resultat av naturleg erosjon og dels som eit resultat av svalenes graving.







