Våren er ei spennande og travel tid for oss ornitofile. Det blir mange foto på minnebrikka og batteriladaren «durer» i eit strekk. Bloggen for veke 19 var nesten på plass med tema elg og storfugl. Men det var før eg møtte gluttsnipene ute på Floan.

Under snøsmeltinga no i april og mai, er Glåma og dyrkamarka innafor ein ynda rasteplass for ender og vadefuglar. I år har antalet vore stort pga av dårleg snøsmelting. Mange av hekkeområda er framleis is- og snølagte slik at ender, traner og fleire vadefuglartar venter her nede ved Glåma. På markene dannes smeltevassdammar kor fuglane finn mat. Det var ved ein slik dam eg stoppa bilen ein morgon i 1/2 6-tida. Gluttsniper, enkelbekkasiner, trost og piplerker tok til vingene. Fuglane er ofte sky nå i trekktida. Men heldigvis landa gluttsnipene i ein dam like bortom kor det var bortimot 20 gluttsniper. Ein uvanleg høgt antal for denne arten; til vanleg er det berre enkeltfuglar eller i høyden 2-3 å sjå samane.

Eg blei sittande i bilen med nedrulla vindu i håp om at fuglane ville koma attende. I ventetida hadde eg måltrostkonsert i treet ved sida av bilen. Måltrosten kune eg ikkje sjå men sangen var ikkje å ta feil av. Gluttsnipene kom tilbake – tilsaman 10. Og med vindstille vêr, klår himmel, litt solys i mot og issnerpe på dammen, blei det ein minneverdig fotoseanse.

Gluttsnipa er ein stor vadefugl; kroppslengde 30-34 cm og vingespenn på ca 60 cm. Eit godt kjenneteikn på gluttsnipa er eit langt og lett oppoverbøyd nebb. I flukt er mørke vinger og ein lang kvit kile oppettter ryggen eit godt artskjenneteikn.

Gluttsnipa hekker i skogs- og fjellområder frå Austlandet og nordover. Ho er utbredt frå Norge til Beringsstredet. Bestanden i Norge, Sverige og Finland er på omlag 100 000 par. Det finnes og ein liten bestand i Skottland. Overvintringsområda for den nordiske bestanden er i Afrika hovedsakleg sør for Sahara. Fuglane trekker sørover frå starten på juli.

Når gluttsnipa tar til vingene høyres ofte ein trestava tju-tju-tju. Under trekket på hausten er det og ein kjent lyd på mørke sommarkvelder. Gluttsnipa har ein «vårsang» kor fuglen flyg høgt og varsler «klu-vy klu-vy…» som har gitt fuglen det lokale navnet Klyvi

Gluttsnipa har ein variert diett. I denne smeltevassdammen var det meitemark og nematoder som eg såg dei spiste. Småfisk, krepsdyr, insekter mm inngår i dietten som varierer med årstidene.



Gluttsnipa er ein vadefugl men kan svømme om ho må.




