2020 VEKE 12

Blackbird singing in the dead of night…. desse «udødelege», symboltunge og geniale strofene i Beatlessangen Blackbird frå 1968 er starten på bloggen denne veka. The Blackbird eller svarttrosten er og tema for bloggen.

….in the dead of night…. ord som ved eit første blikk ser ut til å handle om død.. men ved nærare lesing er rett så optimistisk og ber bod om lysare tider

….in the dead of night….. når natta døyr og lyset og ein ny dag tar over. Då syng svarttrosten og varslar at natta er slutt og ein ny dag kjem.

in the dead of night... – det er noko religiøst over det – lyset og livet som vinn over døden. Og då syng svarttrosten og varslar at ein ny dag er på gang.

Dette biletet har tom alt-eigenskap. Filnamnet er veke-17-11.jpg
Eg har ikkje foto av svarttrosten som syng når natta blir til dag. Eit foto av ein tårnfalk sittande i ein tretopp ved Glåma «in the dead of night» får vera ein illustrasjon på stemninga.

Har du nokon gong sett natta døy? Du kan oppleve det oppe på Storwartz ein kald klår morgon om du er tidleg oppe: Mørket blir gradvis umerkeleg mindre mørkt og lyset smyg seg inn – nesten som det er Rørosteknikk som styrer spakene. I aust blir lyset sterkare og varslar at sola er på veg opp. Natta er ein mørk vegg i vest som skrumper inn og blir meir og meir utydeleg for til slutt å bli borte i det sola når over fjellrekka i aust

Det nærmaste eg kom eit foto som syner …the dead of night…Storwartz ein aprilmorgon kl 05.30. Dei første solstrålene spegler seg i husa på Storwartz. I vest aner me restane av natta som eit mørkt gråblått band.

Eg har eit minne om ein svarttrost som song «in the dead of night». I min ungdom var eg avisbud for Rogalands avis – ei morgonavis tilknytta Arbeidarpressa. I firetida om morgonene henta me avisbud avisene i Sandnes sentrum. Ein morgon -in the dead of night -sat svarttrosten på straumledningen til jernbanen like ved og sang. Songen blei forsterka av murbygga rundt. Stemningsfullt! Merkeleg at slike enkelthendingar sit att!

Syngande svarttrost fotografert på Sandnes ein maidag for nokre år sidan. Regnet ausa ned men han holdt stand i time etter time og spreidde god stemning i gråvêret.

Beatles-sangen Blackbird – skrevet i 1968 – er ei hyllest til fargede kvinner i USA som kjempa for sine borgerrettigheter. Svarttrostens sang har avfødd mykje diktning.

I det danske Kristelig Dagblad fann eg denne herlege artikkelen skrevet av Lars Handsteen som er på Grønland og savner solsortens vårsang: Solsortens sang hører til på livets lydspor og som innledes med følgende: Man kan godt leve uden solsortens sang om foråret. Der er mange mennesker på jorden, der må gøre det, og som lever udmærket alligevel. Men er man én gang vokset op i et land, hvor solsorten synger, er det en sang, der er svær at undvære.

Svarttrost fotografert ved Ålesund nyleg. Her er svarttrosten vanleg overvintrar. Då me budde i Finmark – 71grader nord – på 1980-talet var svartrosten årleg overvintrar der.

Svarttrosten er utbredt over store deler av landet. Her på Røros har arten etablert seg som hekkefugl i seinare tid. Fakta om svarttrosten henta frå Wikipedia:

Svarttrasten er 25-27 cm lang. Hannen er kolsvart med eit gult nebb i tillegg til eit lite gult parti kring auga. Hoa er brunsvart med raudbrunt og svartprikkete bryst og har brunsvart nebb. Ungfuglar er oftast raudbrune og har endå meir markante prikkar enn hoa.

Svarttrast er kjend for ein sterk, melodisk song som typisk blir framført frå høge stader, som tretoppar. Det er hannfuglen som syng, og songen hans er på mange stader i landet eit sikkert vårteikn. Fuglen varierer songen og kan imitera andre fuglar. Svarttrast syng gjerne tidlege om morgonen og seint om kvelden, før og etter dei andre fuglane.

Fuglen plasserer reiret på bakken eller lågt i ein busk, ei tett gran eller buskete lauvtre. Reiret er i hovudsak laga av leire, gras, mose og røter blir samanfletta til ei djup skål. I Sør-Noreg startar egglegginga i april. To kull i året er ikkje uvanleg. Hoa rugar dei blå- eller grøngråe egga i 13–14 døgn. Etter klekking oppheld ungane seg i reiret i 12–19 døgn og blir mata av foreldra i endå tre veker.

Svarttrast er utbreidd i store delar av Europa. Ein går ut frå at talet på svarttrastpar som hekkar i Noreg er mellom 100 000 og 1 000 000. I Noreg er han ein trekkfugl. Merka fuglar som er attfunne syner at Dei britiske øyane er viktigaste overvintringsstaden. Dei fleste svarttrastane dreg rett over Nordsjøen, men nokre tek vegen om Danmark og Nord-Tyskland. Det er attfunne merka svarttrast så langt sør som Sør-Spania. Han kan overvintre i kystområder opp til Finmark .

Eldste svarttrast påvist ved ringmerking i Noreg er 8 år og 6 mnd.

Det kan vere vêrhardt når svarttrosten kommer til landet i mars/april.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s