Bloggen min blir til «undervegs» – tema er dels planlagde og dels resultat av tilfeldige hendingar. Denne vekas blogg blei til i forbindelse med skiturar for å leite opp storfuglar. Utstyrt med ei stor zoomlinse hadde eg håp om å få eit foto eller to av beitande tiur i toppen av ei furu. Eg gjekk i eit område her kor storfuglbestanden er «livskraftig». Talrike beitefuruer med lite bare i toppen fortel det. Denne gongen blei det bare eit glimt av ein tiur som letta og blei borte mellom trea. Eg minnes framleis ein skitur her for tre år sidan kor 10 tiurar letta samstundes!
Kamera – Nikon D500 – med Nikon 200-400mm er ikkje den mest allsidige kamerautrustningen. Tiur var det som sagt lite av men over Hummelfjellet lenger sør var det mykje vêr: Toppen av fjellet var dekka av skyer, sterk vind flytta på skyene og store mengder snø blåste over fjellet og ned mot Nørdalen. Sola «kom og gikk» slik at lyset endra seg frå minutt til minutt. Utstyrt med ei stor zoomlinse var det jo begrensa kva eg kunne fotografere. Men samstundes ga zoomlinsa meg høve til å fokusere på «detaljer» i Hummelfjellet – snødrevet nedetter fjellsida eller opp frå fjellryggar, dramatiske skyer….





Mens eg stod oppå fjellet letta eit helikopter – Sea Kings arvtakar Leonardo Helicopters AW101 – frå flyplassen og passerte mellom meg og Hummelfjell. Drømmemotiv med helikopteret og uvêret på Hummelfjell som bakgrunn!

Dagen før var vêret eit anna. Tjukk skodde dekka Rørosområdet samstundes som det var nedimot 15 minusgrader. Og skodde er spennande å fotografere- både når ho dekkar landskapet og når ho lettar opp.

Nokre spennande minutt – skodda letta og millionvis av iskrystallar glitra då solalyset traff dei. Og slik blei det fotografiske resultatet:
